Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev

United Future Lab Norway

 
 

Følg partnartreffet vårt om digitalt utanforskap fredag 18. desember!

Vi adresserer korleis aukande digitalisering kan føre til at ein ikkje får ta del i samfunnet på lik linje med andre. Dette kan gjelde både born, eldre, minoritetar eller andre med mangel på opplæring eller tilgang til digitale verktøy.

Sjekk ut Facebook-arrangementet og nyheita på nettsida vår.

Les meir
 
 
 
 
 

Oppstart av arbeidsgrupper om sirkulærøkonomi februar 2021

I samarbeid med NExTdigital, skal vi starte opp arbeidsgrupper med fokus sirkulærøkonomi. Vi har mykje å gå på i Norge knytt til sirkulærøkonomi, og det ligg mange moglegheiter i å jobbe sirkulært.

Arbeidsgruppene har planlagt oppstart i februar 2021, og vi er i gong med påmelding og planlegging.

 
Les meir
 
 
 

"Berekraftsfylket Møre og Romsdal - Leave no one behind"

Vil du vite korleis vi gjer ord om til handling? Framtidslaben, The North West og Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte webinar 19. november.

Webinaret vart gjennomført i samband med Den nasjonale bærekraftskonferansen - Veien mot 2030. Målet med den nasjonale konferansen er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftsmåla innan 2030.

 
Les meir
 
 
 

Nytt namn:United Future Lab Norway

Framtidslaben har fått nytt namn. Namneskiftet skjer for å understreke at Framtidslaben er samansett av partnarar og har eit nedslagsfelt som både er regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Les meir om det ved å trykke på knappen under.

 
Les meir
 
 
 

Koordinator Digital Tvilling på plass!

Ålesund er truleg først ute i Noreg med ei eiga stilling knytt til digital tvilling. Mannen som tiltrer stillinga heiter Andreas Amundsen, og er allereie godt i gang.

Vi er veldig fornøgde med å ha han med på laget!

 
Les meir
 
 
 

Nytt prosjekt i gang: Mobilitetspunkt

H.I. Giørtz Sønner AS og kommunane Ålesund og Giske lanserer ein ny, heilskapleg og berekraftig måte å utvikle eit mobilitetssenter på. Målet er å redusere vekst i trafikken i dei undersjøiske tunnelane mellom Giske og Ålesund, betre kollektivtilbod og auke delen trafikantar som bruker sykkel til og frå bussen gjennom tilrettelagte løysingar for publikum. 

 
Les meir
 
 
 

58 partnarbedrifter

Framtidslaben har no 58 partnarar. Vi ser fram til vidare samhandling, gode idear og konkrete prosjekt! Og vi håper på at 2021 opner meir for å møtast fysisk i Framtidslaben. 

Takk til alle partnarane våre for god innsats i dette rare og fine året!

God jul :) 

 
Les meir
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Registrer deg her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Marielle Furnes Mannseth

Dagleg leiar

 
Kontakt

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Koordinator

 
Kontakt

Anne-Bente    Skjellum

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo