Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev mai 2021

United Future Lab Norway

 
 

Når nokre sveler blir til over 56 millionar kroner

​Svele-praten har vore sunnmøringane sitt hemmelege våpen gjennom dei siste ti-åra. No har «svele-metoden» gitt over 56 millionar kroner til framtidsretta løysingar for by og land. Les kronikken som sto på trykk i Sunnmørsposten 7. mai 2021.

Les kronikken
 
 
 

 

Sommarskole i Framtidslaben

Framtidslaben inviterer saman med Newton Møre og E-teams-prosjektet, 9. og 10. klassingar i Ålesund kommune til sommarskole! Sommarskolen blir leia av vidaregåande elevar, og har to grupper. Den eine gruppa skal gjere Framtidslaben om til eit EscapeRoom, og den andre gruppa skal utvikle spel i ActiveFloor!

Kontakt koordinator Kristine Oda Walderhaug Sæther for meir informasjon! Sjå e-postadressa nedst :-)

 

 
 
 
 
 
 

Er di bedrift HELT MED?

Er di bedrift interessert i ein ny medarbeider som er HELT MED? Bli med på møte 20. mai!

Målet med HELT MED er at fleire menneske med utviklingshemming skal få arbeid i ordinære bedrifter ved å skape arbeidsplassar som er tilpassa behova til både arbeidsgivar og arbeidstakar. Hør om moglegheitene på møtet 20. mai

 
Les meir og meld deg på møtet
 
 
 

Kompetansebørsen

Framtidslaben og TEFT-laben vil kople arbeidslivet sine problemstillingar med studentane sine ønske om å skrive verkelegheitsnære oppgåver, og inviterer partnarane til første treff i nyskapinga «Kompetansebørsen» 10. juni kl 13 til 15.

Meld di interesse til framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major på anne.lise@unitedfuturelab.no

 
Les meir
 
 
 

Twin Fjord

Prosjektet Twin Fjord bruker områda i kommunane Stranda og Fjord som laboratorium for utvikle eit verktøy for berekraftig arealforvalting.

Dei to kommunane Stranda og Fjord er nyttige fordi dei har verdsarvområde, verneområde og risikosoner for steinskred og ras som kan føre til tsunami i eit større område. Dette gir spesielle utfordringar når det gjeld arealplanlegging og arealutvikling.

 
Les meir
 
 
 

Framtidslaben i sentrum

Under årets The North West skal Framtidslaben ha eit arrangement laurdag 4. september kl 12-15. Tema er «Framtidslaben i sentrum». Vi vil vise kva Framtidslaben med partnarar driv på med på ein gøy måte. Det vi ser for oss, er å lage ei slags «berekraftsløype» med 17 stasjonar (berekraftsmål) i og i nærleiken av Korsatunnelen, der partnararane er representert på dei ulike postane. 

Kartverket, Fagerlia videregående skole, Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN, OBOS region Nordvest, ÅRIM og Optimar har allereie meldt inn innslag. Meld dykk på de også!

 
Meld interesse
 
 
 

Visuell profil

Framtidslaben er stolte og glade for å kunne fortelle at vi har inngått kontrakt med Vest Studio for å utvikle vår eigen visuelle profil! Vest studio vann anbodet i konkurranse med ni andre dyktige leverandørar og vi satt med eit luksusproblem når vi skulle velje.

Vi i Framtidslaben gratulerer Vest Studio med oppdraget og gler oss til å kome i gang. 

 

 
 
 
 

Valle skule på jakt etter partnarar

I skolehagen sin driv Valle skule og elevane berekraftsarbeid for å ruste elevane til framtidige utfordringar. No vil dei ha partnarar som kan hjelpe til å utvikle hagen i samarbeid med skolen og elevane. Er du eller bedrifta di ein samarbeidspartnar for dei driftige elevane?

 
Les meir og få kontaktopplysingar
 
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Du finn registreringsskjema ved å trykke nedst på sida her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Marielle Furnes Mannseth

Dagleg leiar

 
Kontakt

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Koordinator

 
Kontakt

Anne Bente Skjellum

 

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo