Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev september 2021

United Future Lab Norway

 
 

Ny logo og visuell identitet!

I Framtidslaben har vi fokus på at forskjellige mennesker med forskjellige innfallsvinklar møtast for å kunne sjå ein sak frå fleire sider – og dette ville vi at logoen skulle spegle.

Det er Vest Studio i Ålesund som har utvikla profilen til Framtidslaben i samarbeid med teamet i laben og vi er veldig fornøgde! Du kan lese meir om arbeidet med den visuelle profilen på nettsida vår: unitedfuturelab.no.

 

 
 
 

Berekraftsrebus

I samarbeid med Voice of Norway har Framtidslaben utvikla ein berekraftrebus der du får spørsmål om alle FNs 17 berekraftsmål. Ta med deg familien, vener og kjente på ein spennande tur i Ålesund sentrum!

Det er veldig enkelt å få til! Du lastar ned appen Voice of Norway, går inn på «Framtidslabens berekraftsrebus» og lastar ned rebusen. De blir bedne om å registrere dykk når de kjem på første post  - så er de i gang! Du ser kor postane er på eit kart og svarer på spørsmåla i appen. Du startar på den posten du vil. Du finn rebusen også her: Framtidslabens berekraftsrebus | Voice Of Norway

 
 
 
 
 
 
 

Framtidslaben har blitt Miljøfyrtårn!

Framtidslaben er stolte over å ha blitt miljøfyrtårnsertifisert! Dette feira vi under The North West saman med 10 andre verksemder i Ålesund som også er sertifiserte, eller som er i gang.

Ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal, delte ut diplomar, og dagleg leiar i Miljøfyrtårn, Ann-Kristin Ytreberg, fortalte om korleis dei jobbar. 

Vi blei også einige om at vi skal starte eit erfaringsnettverk for dei som er, eller er i gang med å bli, miljøsertifiserte i løpet av hausten. Dersom bedrifta di er interessert i å bli med, gje beskjed til Kristine på kristine@unitedfuturelab.no. 

 
Les meir
 
 
 

Daglig leder i Framtidslaben til nye utfordringer

Marielle Furnes Mannseth skal over i ny jobb i det nystarta selskapet Norwegian Hydrogen.

Framtidslaben gratulerer!

 
Les meir
 
 
 

Bli med på Campusuka! 

20 - 24. september blir Campusuka arrangert. Tema i år er "Grøn omstilling". Vil gjerne at partnarane bidrar og viser seg fram torsdag 23. september. Då har vi eit arrangement klokka 1300 - 15.00, der partnarane kan presentere seg og korleis de arbeider med berekraft.

Send e-post til anne-bente@unitedfuturelab.no om din organisasjon eller di bedrift har lyst til å presentere arbeidet dykkar på arrangementet. Frist er fredag 17. september klokka 12.00.

Framtidslaben bidrar med fleire arrangement under Campusuka.

Vi har ansvaret for

  • ein dagleg podkast som blir publisert kvar dag klokka 1400 
  • er vertsskap for speed date for prosjekt under Universitetskommune-paraplyen tysdag 21. september klokka 13.30 - 14.30
 
Sjå programmet for Campusuka
 
 
 

Nye partnarar

I sommarmånadane har vi fått seks nye partnarar! 

Om du vil sjå kven våre partnarar er kan du gå inn på nettsidene våre:

 
Sjå partnaroversikta
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Du finn registreringsskjema ved å trykke nedst på sida her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

 

 

 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Fungerande dagleg leiar

 
Kontakt

Anne Bente Skjellum

 

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo