Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev oktober 2021

United Future Lab Norway

 
 

Neste partnartreff - 16 000 tonn!

United Future Lab Norway (Framtidslaben) inviterer til partnartreff 27. oktober kl 14-16.

Norge har som mål å redusere klimagassutslepp med 50 - 55 % innan 2030. I 2020 var utsleppa i Ålesund på nesten 300 000 tonn CO2. Kommunen har eit mål om å gå ned 60 % - dette tilsvarer 16 000 tonn kvart år fram mot 2030. For å nå dette målet, må vi sette dei kloke hovuda våre saman, på tvers av bransjar og sektorar, for å sjå korleis vi kan bidra.

I dette partnartreffet vil vi identifisere korleis vi kan bidra til å redusere dei samla utsleppa. Det gjeld korleis vi kan bidra og påverke både i vår eigen organisasjon og saman med partnarar - og korleis vi kan inspirere kvarandre med løysingar på tvers.

Innkalling er sendt på e-post

 

 
 

God hjelp i haust

Cecilie Strandman og Daniel Grønhaug har internship i Framtidslaben i haust, og er allereie godt i gang! Cecilie og Daniel har ansvar for å planlegge partnartreffet i oktober, og kjem til å ta kontakt med ein del av partnarane våre og høre korleis dei jobbar med berekraftig utvikling. Dei skal også i gang med å planlegge andre aktivitetar i laben. 

Internshipet er ein del av InnoPraksis-prosjektet leia av NTNU ved TEFT-laben.

 
 
 
 

Framtidslaben sentral i EU-søknad

Ålesund samarbeider med 4 andre europeiske byar og NTNU om forskningsmidlar for å sjå på korleis kunst og kultur kan gi stadutvikling og innovasjon. Framtidslaben og The North West er samskapings- og kommunikasjonsarena

 
Les meir
 
 
 
 

Bærekraftig Bedrift

Framtidslaben har vore med å utvikla ein kurspakke for ungdomsbedrifter som skal gjere det enklare for bedriftene å arbeide med berekraft.

Framtidslaben har bidratt med planlegging og gjennomføring av kurspakken og har delt sine tips og triks om berekraft saman med partnarane Spilka, Optimar og E-teams.

Arbeidet er gjort saman med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Kurspakken skal vere ei verktøykasse for ungdomsbedriftene slik at dei kan utgjere ein faktisk forskjell i lokalsamfunna sine.

Ungt Entreprenørskap fungerer som ein brubyggar mellom utdanning og næringsliv. Kurstilbodet Bærekraftig Bedrift gir elevane ein fot innanfor næringslivet, og til å reelt bygge ei berekraftig framtid.

 

 
Les meir
 
 
 
 

2 millionar til utsleppsfrie gravemaskiner

Framtidslaben, Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) og Ålesund kommune har samarbeida. Resultatet blir utsleppsfire anleggsmaskiner som skal brukast i utbygginga av nye barne- og avlastingsbustader på Brisingstubben på Flisnes.

 
Les meir
 
 
 
 
 

Nye partnarar

Vi får stadig nye partnarar! 

Om du vil sjå kven våre partnarar er, kan du gå inn på nettsidene våre:

 
Sjå partnaroversikta
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Du finn registreringsskjema ved å trykke nedst på sida her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

 

 

 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Fungerande dagleg leiar

 
Kontakt

Anne Bente Skjellum

 

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo