Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev november 2021

United Future Lab Norway

 
 

Open førjulsdag

Velkomen til open førjulsdag tysdag 14. desember klokka 13.30 - 15.30.

Framtidslaben (United Future Lab Norway) inviterer alle partnarar til kreativ og konstruktiv førjulssamling med kunnskapsdeling og mingling! Det er påmelding til dette arrangementet.

Vi ønsker at partnarane deler kunnskap og erfaringar gjennom ein elevetor pitch, og legg til rette for diskusjonar i etterkant. I tillegg vil Framtidslaben snakke med partnarane om korleis vi best mogleg kan samhandle og få fart på den framtidsretta utviklinga i 2022.

De kan melde dykk på i dette skjemaet og samtidig gje oss beskjed om de ønsker å bidra inn i ein elevator pitch.  

Sjå også nettsidene og invitasjon på e-post.

 

 
 

Berekraftsseminar 23. november

Adviso, Næringsforeningen og Framtidslaben inviterer til berekraftsseminar om juridiske aspekt og krav. Korleis blir di verksemd påverka?

Seminaret er på PIR 08.00 - 12.00, 23. november.

Fokus på berekraftsseminaret blir kva tilpasningar di verksemd må gjere for å innfri forslag til krav offentleggjering av berekraftsinformasjon og kravet om å kartlegge og vurdere negative konsekvensar for menneskerettar og anstendige arbeidsforhald i verksemda og leverandørkjeda.

På berekraftsseminaret fokuserer vi på kva tilpasningar di verksemd må gjere  for å innfri desse krava.

Påmelding: post@adviso.no

 
Sjå programmet
 
 
 

Prosjekt DatSam

I oktober var det oppstartsmøte for prosjektet DatSam.

DatSam er eit innovasjonsprosjekt som skal prøve ut datadriven samskaping - metodar og verktøy for berekraftig innovasjon og samfunnsutvikling.

Prosjektet har fått 7 millionar kroner i støtte frå Norges forskningsråd og er eit samarbeid mellom kommunane Bærum og Ålesund, NTNU og AugmentCity.

 

 
Les meir
 
 
 

Framtidslaben med film på Leve hele livet-konferansen

Framtidslaben var representert på Leve hele livet-konferansen 17. november. Leve hele livet er ei kvalitetsreform for eldre. 

Årets tema på konferansen var medverknad, involvering og kor viktig det er å samarbeide på tvers. 

Framtidslaben laga ein film om arbeidet som skjer i Ålesund i samarbeid med Senteret for et aldersvennlig Norge og Helsedirektoratet. Filmen blei følgd av ein samtale med ordførar Eva Vinje Aurdal og framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major.

 
Sjå filmen her
 
 
 

16 000 tonn!

27. oktober hadde Framtidslaben partnartreff med fokus på CO2-utslepp. I 2020 var utsleppa i Ålesund på nesten 300 000 tonn CO2. Kommunen har eit mål om å gå ned 60 % - dette tilsvarer 16 000 tonn kvart år fram mot 2030. Du kan lese rapporten etter partnartreffet ved å klikke på lenka under.

 
Les rapporten
 
 
 

Nye partnarar

Vi får stadig nye partnarar! 

Om du vil sjå kven våre partnarar er, kan du gå inn på nettsidene våre:

 
Sjå partnaroversikta
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Du finn registreringsskjema ved å trykke nedst på sida her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

 

 

 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Fungerande dagleg leiar

 
Kontakt

Anne Bente Skjellum

 

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo