Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

Nyheitsbrev januar

United Future Lab Norway

 
 

Takk til Framtidsrådet!

Torsdag 13. januar hadde Framtidsrådet sitt siste møte før nytt råd blir vald. Det avtroppande rådet gav råd og innspel om kven som skal sitje i Framtidsrådet i 2022 og ba Framtidslaben om å ta den endelege avgjerda. Laben har høyrt med alle partnarane kven som ønsker å vere i Framtidsrådet og interessa har vore overveldande! Frå no av vil det vere slik at alle dei 10 representantane i Framtidsrådet skal sitje i rådet i to år, men slik at 5 av representantane skiftast ut årleg.

Framtidsrådet er ei rådgivande gruppe av partnarar som drøfter moglegheiter og utfordringar i samarbeid med teamet i Framtidslaben. Dei er sparringspartnarar som kjem med idear og innspel til aktivitetar, tematikk og fokusområde.Tema i møta er varierte og kan være djupdykk og arbeidsmøte innanfor gitte område. Målet er at kvar partnar sit i to år med ei vekselvis utveksling av fem representantar kvart år.

Desse har vore i Framtidsrådet:
Atea, Digerneset Næringspark, BDO, NTNU, TAFJORD, NExTdigital, OSC, Optimar, Høgskulen i Volda, Studentparlamentet NTNU, Norconsult. Observatørar; Innovasjon Norge, Forskningsrådet, The North West og Ålesund kommune

Vi takkar Framtidsrådet 2021 for godt samarbeid og vil raskt ha Framtidsrådet for 2022 klart.

Biletet er frå eit utvida Framtidsrådsmøte 24. juni 2021 – dei som var til stade fysisk. 

 
 
 
 
 

Endringar i teamet 

Anne Bente Skjellum sluttar som kommunikasjonsansvarleg for Framtidslaben for å begynne i stillinga som Communications Manager hos VARD. 

 
Les meir
 
 
 

Nye fjes

Framtidslaben får hjelp av to studentar ein periode i vår.

Anna Ulvestad (t.v) skal arbeide med ei digital samhandlingsplattform for partnarar fram til midten av februar. Anna studerer på Universitetet i Bergen og var også ein av studentane som kartla kommunen i samarbeid med Kartverket i sommar.

Sofie Grønnevik studerer internasjonal kommunikasjon ved NTNU i Ålesund og har praksistida si i Framtidslaben fram til april.

 
 
 
 

Kartlegging av tilgjengeligheit

Prosjektet, som er eit samarbeid med Kartverket, tar utgangspunkt i ei kartlegging av tilgjengeligheit og universell utforming i Ålesund kommune. Rapport og innspel er no klar.

Før jul var fleire aktørar samla til workshop for å gå gjennom rapporten og gje sine innspel. Du kan lese rapporten og innspela ved å trykke på "Les meir" 

 
Les meir
 
 
 

Framtidspoden er på lufta!

I Framtidspoden inviterer Framtidslaben og partnarar til samarbeid og fortel om konkrete og framtidsretta prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål.

Til no ligg fem episodar klare og ventar på deg der du til vanleg finn podkastane dine. Podkastane er mellom 15 – 20 minutt lange. Det er Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsansvarleg for Framtidslaben, som leiar podkastane. 

 
 
 
 

Spørsmål og svar om Framtidslaben

Lurer du på noko om Framtidslaben? Kva laben driv med? Kven som driv laben? Korleis du kan booke møtelokale? Noko anna? No har vi fått ei side med spørsmål og svar på nettsida vår.

Om det er spørsmål og svar du saknar, send ein e-post til post@unitedfuturelab.no.

Du finn spørsmål og svar (FAQ) ved å gå inn i hamburgermenyen oppe til høgre på nettsida Unitedfuturelab.no:

 
Les meir
 
 
 

Lurer du på kven som er partnarar?

Du finn oversikt over alle partnarane på nettsida vår:

 
Sjå partnarar
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Registrer deg her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Dagleg leiar

 
Kontakt

Bente Gjørtz

Koordinator

 
Kontakt

Anne-Bente    Skjellum

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo