Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

Nyheitsbrev februar

United Future Lab Norway

 
 

Statsministeren på besøk hos Framtidslaben!

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Framtidslaben i midten av februar.

Under besøket fekk statsministeren omvising på laben og eit innblikk i aktivitetane denne dagen. ALV, ÅKP, USHT Møre, Ålesund Kommune og NTNU var blant anna samla i eit møte. Det omhandla bruken av VR i offentlige tenester, akademia og næringsliv. Gjennom møtet samla dei erfaringar om felles utfordringar og muligheiter ved bruk av VR.

Vidare fortalde daglig leiar Kristine om historia til laben og korleis laben jobbar for å være eit nettverk for berekraftig utvikling. Gjermund, leiar i The North West, presenterte organisasjonen The North West og kva dei jobbar med. 

  • ”Har ikkje sett noko liknande miljø elles i Noreg”
     

Det sa statsministeren under besøket med dette tyder det på at Framtidslaben er ein unik organisasjon som driv med kunnskapsdeling, som bidreg til samarbeid for å nå berekraftsmåla på ein heilt ny måte.

Statsministeren var også innom Newton-rommet på NMK, som er ein felles læringsarena for alle barn og unge i Ålesund, der matematikk, naturfag og teknologi er i fokus. Vidare fekk statsministeren sjå simulatoren til OSC (Agument City), samt høyre om arbeidet dei driv med.

 

 

 

 
 
 
 
 

Framtidslaben sine partnarar har gjennomført sin første fredagsstafett

Partnarane til Framtidslaben gjennomførte fredag 18. februar sin fyrste fredagsstafett. Her fekk partnarane høyre ÅKP Digicat fortelje om Digital Katapult.

 

 

 
Les meir
 
 
 
 

Det første partnartreffet er gjennomført!

Første partnartreff i 2022 dreia seg om ulike prosjekt som går gjennom laben. Les meir om dei ulike prosjekta i lenka under.

 

 
Les meir
 
 
 
 

Nytt medlem av teamet !

Vi får eit nytt medlem av teamet! Torgeir Hovden Standal skal arbeide med podcast i Framtidslaben. Han skal drifte og vidareutvikle podcasten. Gjennom arbeidet skal Torgeir vise fleire sider av arbeidet til laben, både gjennom podcast og andre kanalar.

Torgeir har bakgrunn frå kulturfeltet gjennom arbeid som musikar og konsert og festivalarrangør. Hans tidligare erfaring vil kome godt med i arbeidet.

Vi gleder oss til samarbeidet !

 

 
 
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Registrer deg her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Dagleg leiar

 
Kontakt

Bente Gjørtz

Koordinator

 
Kontakt

Sofie Grønnevik

Kommunikasjonsmedarbeidar/student

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo