Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

Nyheitsbrev mars

United Future Lab Norway

 
 

Selberg Arkitektar AS blir partnar i Framtidslaben

- Vi ynskjer å utvikle prosjekt i tråd med våre berekraftsløfter og være ein kontinuerlig lærande og utviklande organisasjon, forklarar dagleg leiar Mette Abelseth Pütz. Selberg arkitektar arbeider med ulike byggeprosjekt og ynskjer gjennom sine prosjekt å bygge og utvikle byar med så lite fotavtrykk som mogleg. Det gjer dei mellom anna ved å redusere arealforbruk og legge til rette for sambruk i utbyggingsareal.

Daglig leiar i Framtidslaben Kristine Oda Walderhaug Sæther seier Selberg Arkitekter vil være eit nyttig tilskot til partnarskapen i laben.

- Vi ser at det er nødvendig å gjere store grep i korleis vi planlegger og bygger byane og samfunna våre. Her har arkitektane eit viktig ansvar, og vi er glade for å ønske Selberg Arkitekter velkomen som partnar i laben! Vi har trua på at dei kan vere med på å sette fokus på heilskapen, og korleis vi kan bygge varige og inkluderande samfunn. Fortsetter Kristine Oda Walderhaug Sæther.


Selberg arkitektar søkjer eit innovativt og fleirfaglig nettverk for å utvikle idear i eit tverrfaglig miljø med offentlege og private aktørar. Samt opne nye dørar saman med partnarane.
 

- Gjennom partnarskapet ynskjer vi å sette agenda i samfunnsdebatten. Være eit naturleg val for kundar med berekraftige ambisjonar og utviklingsbehov, samt ta ei aktiv rolle i omstillinga til det grøne skifte, lokalt, regionalt og internasjonalt, fortel Mette.

Selberg jobbar allereie i eit tverrfaglig samarbeid og brukar sin berekraftsplan aktivt i alle prosjekt. I tillegg prøvar dei å alltid utfordre byggherren til å sikre gjenbruk av materiale. Det er viktig for Selberg at medarbeidarane har god kunnskap om berekraft. Dei vil då kunne utfordre kvarandre gjennom nytenking og berekraftige løysningar. Deira fokus er alltid å bidra til ein påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur.

 
 
 
 
 

Fleire bedrifter får miljøfyrtårnsertifisering

Antallet bedrifter som miljøfyrtårnsertifiserar seg i Ålesundregionen har auka. Det er svært positivt at fleire bedrifter velger å ta eit ansvar og handle meir klimanøytralt.

 

 

 
Les meir
 
 
 
 

Den siste månaden har partnarane gjennomført to fredagsstafettar

Fredagsstafetten er ein liten halvtime med kunnskapsdeling mellom partnarane våre. ALV + ATEA og The North West var partnarane som tok stafettpinnen vidare denne månaden. 

 

 
Les meir
 
 
 
 

Årsrapporten for 2021 er klar!

Det har våre eit annleis år prega av pandemi. Likevel har Framtidslaben vært synleg, og vi har utvikla drifta av laben i tråd med måla og strategiane som var satt. Gjennom 2021 har laben gått frå 59 til 85 partnarar.

 

 
Les meir
 
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Registrer deg her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Dagleg leiar

 
Kontakt

Bente Gjørtz

Koordinator

 
Kontakt

Sofie Grønnevik

Kommunikasjonsmedarbeidar/student

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo