Åpne i nettleser
 
 
 
nettside   Facebook   instagram   linkedin   YouTube  
 
 
 

 

.

Nyheitsbrev februar 2020

United Future Lab Norway

 
 

Partnartreff om samarbeid

Korleis kan vi bruke nettverket vårt lokalt, nasjonalt og globalt for å nå måla saman? Kva betyr det eigentleg at vi er ein FN-lab og kva er status i U4SSC-nettverket? Sjå introduksjonen av samhandlingsplattforma! 

Opptak av partnartreffet 19. februar
 
 
 

Invitasjon til Global Growth-program

Framtidslaben, Innovasjon Norge og U4SSC inviterer partnarar til å bli med i eit program som kan gje innpass i marknaden i Sørøst-Asia. Programmet er på utkikk etter bedrifter som kan hjelpe Singapore til å bli meir sirkulær når det gjeld avfalls- og vasshandtering, og når det gjeld digitale smartby-løysingar. Framtidslaben inviterer til informasjonsmøte 8. mars

 
Les meir
 
 
 
 
 

Kom an Ålesund! 

Framtidslaben inviterer partnarane spesielt til å komme med innspel til kommunens strategiar.

Framtidslaben var arena då Ålesund kommune presenterte dei fire strategiane folkehelse, miljø, næringsliv og nyskaping for innbyggarane, onsdag 17. februar. Dette var kick off for oss alle til å kome med innspel til korleis vi saman skal bygge kommunen. Fekk du ikkje sjå sendinga eller gitt dine innspel? Klikk på Les meir.

 
Les meir
 
 
 

Korleis kan vi bruke teknologi til å bli meir miljøvenlege?

Blindheim ungdomsskole ønsker å få på plass drivhus på taket. Dei tenker blant anna å automatisere vatning og temperatur i drivhuset. Bruk av kunstig lys for å sjå kva som er berekraftig, er også noko skulen ønsker å få med i prosjektet. Dei tenker at elevane skal stå for programmering/ omprogrammering og vedlikehald av systemet. 

Dersom de er interesserte i å ta del i eit slikt prosjekt, ta kontakt med kristine@unitedfuturelab.no. 

 
 
 
 

Infomøte onsdag 3. mars: Eit berekraftsprogram med næringslivet

AAFK skal i samarbeid med BDO arrangere eit samlingsbasert program for å finne moglegheitene som ligg i berekraftig utvikling. Onsdag 3.mars kl 10-11 inviterer dei til digital kunnskapdeling om berekraftig utvikling for næringslivet og presentasjon av prosjektet, sendt frå Framtidslaben. 

 
Interessert i å vite meir? Klikk her
 
 
 

Forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal 2021-2024

Forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal er lagt ut på høyring. Strategien gjeld for både næringslivet og kommunal sektor. Dei ønskjer spesielt innspel på om strategien peikar på sentrale og aktuelle utfordringar i Møre og Romsdal, og om dei seks prioriterte strategiane svarar på utfordringane og bidrar til å auke innovasjonstakta.

 
Les meir og gi innspel her
 
 
 

Årsrapport 2020

Framtidslaben har vore i drift i vel eitt år og har over 60 partnarar som saman driv 17 prosjekt for å gjere næringslivet, akademia, organisasjonar og den offentlege sektoren meir framtidsretta. Framtidslabens mål er å gå frå ord til handling og i årsrapporten kan du lese korleis vi har forsøkt å gjere dette i det første driftsåret vårt.

 
Les rapporten
 
 
 

Kommunikasjonsstrategi

Framtidslaben har ein eigen kommunikasjonsstrategi som tar for seg måla til Framtidslaben og ulike målgrupper. Den blei presentert for Framtidsrådet i februar og er utarbeidd av kommunikasjonsansvarleg og representantar frå partnarane. Strategien er eit levande dokument som blir endra ved behov og elles jamleg. Du finn den under Om oss på nettsida.

 
Les meir
 
 
 
 
 

Vil du følge nyheitsbrevet vårt?

Du finn registreringsskjema ved å trykke nedst på sida her
 
 

 

.

Kontakt oss

 
 
 

Marielle Furnes Mannseth

Dagleg leiar

 
Kontakt

Kristine Oda Walderhaug Sæther

Koordinator

 
Kontakt

Anne Bente Skjellum

 

Kommunikasjonsansvarleg

 
Kontakt
 
 
 
 
ÅLESUND KOMMUNE, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo